Forbrukerne etterlyser bedre skilting av økologisk mat i dagligvarebutikkene.
Forbrukerne etterlyser bedre skilting av økologisk mat i dagligvarebutikkene.

Synspunkt

Det einaste som vil forløyse økologien, er samarbeid

Sidan økologisk landbruk vart eit offentleg anliggande i 1994 har ein prøvd mangt for å gjere landet meir økologisk, og mindre avhengig av innsatsfaktorar som skadar jord, luft og vatn.

Publisert Sist oppdatert

Med nytt mål og ny strategi er vi mange som er spent på korleis verdikjeden vil gripe moglegheita no når etterspørselen faktisk er der. 

Idun Leinaas er leder av kommunikasjon og marked i Debio Marked.
Idun Leinaas er leder av kommunikasjon og marked i Debio Marked.

Vil fokuset bli retta mot det som i Noreg har holdt øko nede, som til dømes eit lite tilpassa mottaksapparat for korn, geografiske restriksjonar i mjølkeproduksjonen, dårlege vilkår i grøntsektoren eller manglande målretta forbrukarkommunikasjon?

Vi manglar eit mål for økologisk omsetting, men realitetane er at omsettinga aukar. Debio Marked ønskjer vekst i både privat og offentleg sektor, og 2025 ligg an til å bli et rekordår for øko-omsetting. 

Vår nye innsiktsundersøking viser at det er dei unge som i størst grad navigerer etter økologisk i hylla, og 41 prosent i den landsrepresentative undersøkinga vil lære meir om økologisk

Dei melder også at dei gjerne vil kjøpe meir økologisk. Om prisen blir akseptabel og dei finn produkta i butikken.

Skal det bli noko meir denne gongen, må vi legge bort alle gamle forventingar og forskutterte skuffelsar. Peikeleiken kan vi seie oss ferdige med

Idun Bjerkvik Leinaas

Det som alltid har vore framheva som øko-landbrukets forse, er nyskapinga, viljen til å finne løysingar i ein situasjon der ein står med anten sjølvpåførte eller andre hindringar. 

Spydspissfunksjonen ligg i å ville prøve å skape ei bedre verd gjennom åkerlappen sin og å dele med andre det ein finn ut der. 

Ø-merket og økologistandarden handlar om at dyra skal ha det betre, og at vi handsamar jordlivet godt og at alle dyra som lev i og nær jordbruksområda, ikkje skal lide som følgje av landbruket.

Dersom eg skulle ønskje meg noko for framtida, er det ein liknande nyskapande motpart på marknadssida. 

Realiteten er at landbruket er sterkt regulert, medan marknaden ikkje er det. Dei mektige er framleis mektigast. 

Samtidig: Skal det bli noko meir denne gongen, må vi legge bort alle gamle forventingar og forskutterte skuffelsar. Peikeleiken kan vi seie oss ferdige med.

Under møtet med Nasjonal ressursgruppe har vi i Debio Marked forplikta oss til mellom anna å delta aktivt i og initiere samarbeid som styrkar engasjementet for norsk økologisk mat og dele marknads- og forbrukarinnsikt. 

Ein føresetnad for å lykkast med dette, er at det finst aktørar som satsar på økologi og som ønskjer å lykkast, og heldigvis er vi i kontakt med fleire.

Debio marked vil i 2026 halde fram med å utvikle marknadssamarbeidet med marknadsaktørane, og vi inviterer inn alle som ønskjer ei økologisatsing.

Idun Bjerkvik Leinaas

FN har definerte berekraftsmål, og berekraftsmål nummer 17 har tittelen Samarbeid for å nå måla. Samarbeid er i den samanhengen presentert som verktøyet vi treng for å løyse dei komplekse utfordringane for ei betre verd. 

Skal vi nå vedtatte politiske målsettingar på øko-feltet, som absolutt vil gi oss eit vell av komplekse utfordringar, er vi avhengige av kvarandre.

Debio marked vil i 2026 halde fram med å utvikle marknadssamarbeidet med marknadsaktørane, og vi inviterer inn alle som ønskjer ei økologisatsing. 

Vi treng meir og aktiv salsfremjande forbrukarkommunikasjon, og det er noko vi skal levere på framover, mellom anna gjennom kampanjar.

For å lykkast med dette, ønskjer vi oss ein nysgjerrig, raus og demokratisk kultur i handsaminga av dei ti tiltaka for å nå målet om 10 prosent økologisk produksjon. 

Kanskje kan vi i 2026 klare å kome fram til ei samhandling der vi jobbar målretta nok og spisser oss tilstrekkeleg, så vi viser at vi faktisk jobber med ein spydspiss?

Powered by Labrador CMS